Tur til Færøyane 28/07 til 4/08  1987

28 juli starta 39 på tur til Færøyane med buss frå Ålgård til Sola og fly til Bergen. Derifrå med båt til Færøyane. Ca 2 døgn tok turen over og då var det godt å få jord under føtene. Me overnatta på hotell, men fekk sjå korleis dei fastbuande hadde det. Det vart og smaka på lokal mat og drikke. Me besøkte Kirkjubøer, eit gamalt midtpunkt på Færøyane der biskopane og presteskapet heldt til. Olsokfeiringa var me med på med den tradisjonelle Færøydansen der ei i endelause kjede buktar seg i gatene. Bjerkreim ringen hadde 2 framsyningar her. Færøyanes høgste fjelltopp (882m.o.h.) besøkte me, fantastisk sightseeing på øya i storslått natur. Var i Runarvik og Torshavn. Hadde framsyning i sjømannsheimen i Runarvik. Ein minnerik tur av dei sjeldne.

  
Deltakarane på turen

RETUR