Tyskland 24/07 til 4/08 - 1991

Dette var og ein busstur som starta med fergje frå Kristiansand til Hirtshals. Det gjekk raskt vidare sørover gjennom Danmark, passerte Grøttingen og stoppa i Essvege der det var overnatting i Schloss Wolfsbrunnen, eit rektig flott slott. Utruleg mange kjende og ukjende stader vart passerte før me kom fram til Kissleg. Her budde nokre privat mens andre heldt til på Gasthoff. Her fekk me mange opplevingar og inntrykk og me hadde framsyningar. I Fischen var me med på festival med både opptog og framsyning. Hoppbakken i Obersdorf vart også vitja. Båttur på Bodensjøen der det var lagt inn mange slags innslag undervegs. I Rust hadde me framsyning i ein stor park. På heimturen overnatta me på Blomberg Borghotell som var ei borg frå 1200 talet. Turane til Bjerkreim ringen er ingen ferieturar men opplevingsturar av dei store. Må i grunnen erfarast for å skjøna kor gildt det er.

 

Deltakarane på turen

Moro på grisetorget


 

Frå festivalen i Fischen

RETUR