Nederland 29/06 - 6/07 - 1992

Dette var også ein tur der me reiste med buss og med ferje frå Kristiansand til Hirtshals. Me enda opp i Zanderwee der me vart innkvartert privat. I Warffum var det festival med deltakarar frå mange land. Det var turar med besøk i slott og flotte parkar, danseframsyning på aldersheim der ein stor del av dei eldre var ute på golvet. Handletur i Grooningen, besøk i kyrkjer der det m.a. var eit kyrkjetårn frå ca 1577 med ca. 400 trappetrinn som me måtte opp i. Elles er det alltid gildt å bu hjå dei fastbuande sjølv om språket kan by på visse problem, fingerspråket er som regel noe alle forstår og då går det bra. Den 5. juli i Grooningen hadde me den siste (av mange) framsyningen på turen. Det var ein fantastisk fin tur, til tider veldig varmt. Den 6. juli startar heimturen. Som alltid var det god stemning i bussen med song, stubbar og historier vart fortalde, og me minte oss sjølv på kor fint me hadde hatt det. Då gjekk mila fort unna nordover mot Hirtshals og Noreg.

 

Deltakarane på turen

Frå Grooningen

RETUR