Tur til Litauen 31/08 til 4/09 - 1995

Me var 20 stk. tok fly til København og vidare til Vilnius saman med ordførar frå Bjerkreim og kommunale representantar frå Eigersund. Etter ei kort vandring opp til ein utsiktshøgde gjekk turen vidare gjennom flatt jordbrukslandskap til Plunge der me budde i private heimar. Her var enkle kår og standarden nokre hakk lågare enn hjå oss. Omvisning i lokalt kulturhus, framsyning for skuleelevar og lærarar. Å handla glas, porselen og lin var populært, lin i metervis. På laurdagen vitja me ravmuseet i Palanga der ein kunne handla rav/ravsmykkar. Me var og innom eit kloster i Kuliai. Her var det ¨edle dråper¨ å få kjøpt for dei som likar det, før det bar vidare til Gargzdai for ny framsyning. På sundagen drog me først til Rainai som er en spesiell plass, eit minnekapell over menneske frå Litauen som vart maltraktert og drepne av russarane i 1941. Og så var det Korshaugen som er eit syn, tusenvis av kors sett der av folk frå heile verden,  men som ingen vet korleis det starta. Om kvelden var det avslutning i kulturhuset i Plunge saman med dansegruppa Suvartukuz.
Måndag morgon tok me buss tilbake til Vilnius. Snart forsvann Litauen under oss. Så bar det via Fornebu heim til Sola og ein spesiell og gild tur med mange rike minner var slutt. 

 

Kart over stader vi vitja

Deltarane på turen


 

På linutsalet

Servering med karakteristiske litauske kaker


 

Plakat om framsyning av norske dansarar 

Klar for framsyning i kulturkuset i Plunge

RETUR