Tur til Nederland 25/7 til 1/8 - 1996

30 stk. reiste med Sørvest buss til Nederland og Belgia. Båt frå Kristiansand som så mange gonger før.  Overnatta i  Ålborg på Rebhild Bakker Hotell. Kjørte lengst vest i Danmark denne gongen, med fleire stopp m. a. i Tønder. Passerte tyskegrensa og overnatt i Hamburg. Kom til Nederland og Zaandam utpå dagen der me møtte dansegruppe vi var saman med. Ganske særprega natur med diker, kanalar, vindmøller. Vertskapet synte oss rundt på museer med osteproduksjon, ¨krambu¨brødbaking og gml. vindmøller. Var på kanaltur der kanalane gjekk i alle retningar ( over 1000 km tils.), over hundre bruer og fullt av båtar. Var på blomstermarknad der mange tulipanløkar fann vegen til Noreg. Det gjekk vidare til Belgia, Brussel og Grand Place, hotellet der me budde. Her vart det busstur og slottsbesøk på Paleis Het - Loo i Apeldoorm. På heimturen overnatta me i Kolding. Ein ny innhaldsrik tur full av opplevingar.


Frå besøk i Brussel

RETUR