Tur til Danmark 14.3-16.3 1997

På denne turen tok me ferje frå Egersund til Hanstholm.  Der venta bussen og Svend Hamborg frå Thisted-danselag. Me budde privat og vertskapet hadde lagt opp programmet for oss. Første dagen rakk me handling i Thisted,  vitja ein glassblåsar, drog til Vorupør der fiskeskøytene var "ankra opp" på land, passerte Lidbjerg kyrkje med plass til 35  og drog så til den størte kyrkje i Thy med plass til ca 500 og vidare til Thisted der det var framsyning av Bjerkreimringen og Thy folkedansarane. Om kvelden var det fest, framifrå mat, framsyning og dans til  langt på natt. Ei helg er ikkje så lang, så sundag var det alt heimreis, men gildt var det lell.

 

Kart over området vi var på i Danmark

Nokre av danserne i Thisted

 

                                                                                                            Landligge og fjære i Lidbjerg ved Vorpør
                                                                                              

RETUR