Tur til Østerrike 23/7-31/7 1997

Bjerkreimringen sin tredje tur i 1997 gjekk til Landesmesse Krems Wachauer Volkfest Østerrike. Me tok fly frå Sola til København og vidare til Wien. Så i buss til Wagram der me vart tekne vel imot av den lokale folkedansgruppa. Nokre vart innkvarterte på "gasthof" mens andre budde privat. Wagram var ein liten by med 600 innbygjarar som dreiv hovudsakleg med vinproduksjon og fruktdyrking. Om ettermiddagen fekk me naturleg nok vitja ein vingard og fekk omvising i vinkjellarar. Det vanka og rikeleg med smaksprøvar.
Torsdagen starta med byvandring i Stein, ein gamal by som berre var skild frå Krems med ein bymur, cruise på Donau til Spitz. Undervegs såg me mange vingardar og Darnstein festning. I Spitz vitja me ein vingard der me vart tekne imot med dekt langbord på terrassen. Turen tilbake gjekk med tog til Krems der me hadde eit par framsyningar .
Fredag morgon bar det til munkeklosteret Göttweig, eit fantastisk byggverk reist år 1003. Dette hadde dessverre brunne ned pga lynnedslag men hadde seinare vorte bygd opp att.  Så hadde me framsyning på ein gamleheim i Mautern og attende i Krems vart det ny framsyning. Om kvelden i Kolpinghaus var det mat, fest og dans. Laurdag føremiddag vitja me Wien med god guiding, ein fantastisk flott by. Det vart tid til ein tur innom Schönbrunn slottet og litt handling. Etter Wienturen var det attende til festivalområdet i Krems der bunadkledde frå alle kantar av verda møtest, 14 ulike grupper. Ein storstilt parade med musikk, flagg og faner. Om kvelden hadde kvar gruppe ei framsyning på 4 min på eit flomlyst stadion. Det heile vart avslutta med eit sprakande fyrverkeri og nattmottaking hjå borgarmeistaren.
Sundagen starta med gudsteneste i kyrkja i Hollenburg. Etterpå vart det ei siste framsyning for dei lokale før me pakka koffertane og sette nasen heimover etter ein framifrå tur.

 

Til venstre lokalkart og til høgre ruta mellom Wien og Krems


 

På vingardvitjing i Wagram

Frå båttur på Donau 


 

Medlemar av folkedansgruppa i Wagram

Litt blanding av dansarar frå Romania og Bjerkreim

 

På veg til Schönbrunn slottet i Wien

Klar for framsyning på flomlyst stadion i Krems



Deltakarane på turn samla på Krems stadion


RETUR