Tur til USA 14. til 24. februar 1997

Ni par frå Bjerkreimringen var med Gruppe Kvitlen på denne turen som var lagt opp av Ingolf Gjedrem. Fredag 14.2. landa me på O`Hare flyplassen i Chicago der me seinare på dagen hadde framsyning i Scandinavian Club.  På laurdagen vitja me først Sons of Norway - Arlington Lodge og folkedansgruppa Heimhug før me la i veg med buss nordover til Stoughton. På sundagen var med på gudsteneste i Midvale lutherske kyrke i Madison der fleire av dei som var med fekk møta både fjerne og nære slektningar. Grieg mannskor song "Ja vi elsker" og "Norge mitt Norge" til ære for oss. Her hadde me og ei danseframsyning. Så var det busstur rundt omkring i Madison, hovudstaden i Wisconsin, med flott Capitol byggverk , universitetshospital og høgskular.  Så gjekk turen til Cambridge for å sjå på den 8000 mål store farmen til Clara og Helmer Vasby, etterkomarar av Vassbø-slekta i Bjerkreim. Deretter bar det attende til hotell i Chicago. Måndag starta med sightseeing i Chicago, teknisk museum og Sears Tower, før bussen sette kurs sørover til Lincoln der me møtte vertsfolka me skulle bu privat hjå resten av opphaldet. Her hadde David Kvitlen lagt opp eit fantastisk program med:

  • Omvising i byen, var innom Post Vill Courte House, Abrahan Lincoln museet og ein lokal klubb
  • Vitja byen Proria og prøvde lukka på ein lokal Casinobåt i elva
  • Var i Peoria og såg baskeballkamp i ein kjempestor hall
  • Var i Bloomington og fekk omvising på Illinois State University
  • Hadde dagstur til Springfield, hovudstaden i Illinois, der me såg gravplassen til Abrahan Lincoln og fekk omvising i både Høgsteretten og State Capitol
  • Vitja atomkraftverket Clinton Power Station som låg 1/2-times køyring frå Lincoln. Her var det 3 turbinar som ytte 985 megawatt. Me fekk ei grundig orientering og vel sjekka på at me framleis var strålingsfrie når me gjekk ut av risikoområdet
  • I Jeffeson Street Christian Church vart me presenterte som "Kvitlen Dancers" og hadde festleg lag med lokalbefolkninga og ei vellukka framsyning av folkedansar
  • Hadde dagstur til Arthur, ein landsby med "Armish people". Undervegs var me og innom eit handlesenter

Sundag 23.2. tok me farvel med vertsfolket og starta heimreisa med buss til  Chicago. Flyturen heim gjekk og fint. Vel heime skilde me lag med dei andre frå Kvitlengruppa etter ein 100% godt planlagt og vellukka tur.


 

  

Mesteparten av deltakarne utanfor hotellet i Stoughton

Frå Vasby Farm i Cambridge


  

Møte med president Lincoln i Lincoln by

Utanfor Clinton atomkraftverk

Nokre av deltakarane saman med guiden inne på atomkraftverket


  

Hjå armish-folket i byen Arthur var det hestekøyretøya som dominerte

RETUR