Tur til Irland 30/7-6/8 1998

Turen starta med fly til Dublin kor me vart henta med buss på flyplassen av ein irsk settdans entusiast, Paddy Hanafin, som me hadde fått kontakt med via internett. Han hadde lagt opp eit fantastisk program og var guide under heile opphaldet. Me kjørte først Irland  på tvers vestover til Tralee der me hadde fast tilhald på eit motell. Underveg var det lusj i Ballyuvaughan og deretter ein spennande spasertur på "The Cliffs of Moher" med sine loddrette stup mot havet.

Fredag 31.7.  hadde me rundtur på Dingle halvøya (rød rute på kartet) kor me passerte Slive Mist Mountains på 852m, vitja Dingle både på fram- og tilbaketur, såg kyrkja Gallarus Oratory og andre gamle bustader som var bygd av lødd stein og vitja til sist var på Europas vestlegaste punkt Slea Head før det bar attende til Tralee.

Laurdag 1.8. køyrde med den såkalla "Ring of Kerry" (gul rute ). Det starta med Kerry Bog Village Museum med gamle bustader for torvskjærare, torvhaugar og torvfyrd smie. Deretter bar det til Caherciveen kor me vekte oppsikt med danseframsyning på ein keltisk festival. Etter ein god lunsj vitja me den litle øya Valentia med vippebru og ankerpunkt for verdas først transatlantiske telegrafkabel til New Foundland lagd i 1855.

Søndag 2.8. gjekk med til kurs i irsk settdansing i eit lite publokale i nærleiken av Castleisland og seinare framsyning på ein kulturfestival i Scartaglin (blå rute)

Måndag 3.8 la me ut på ein lang tur sørover til Kork-regionen (grøn rute). Første stopp var Kenmar kort det vart handla klær og mykje fint handarbeid i ull. Så bar det av stad gjennom små tunnelar på svingete vestlandveg med bratte stup til Glengarriff. Etter ein god lunsj på et gamalt ærverdig hotell fekk me båtskyss til den botaniske øya Illnacullin som nærast var eit paradis på jord med blomar og trær i alle former og fargar.
Om kvelden var det fest på The Earl of Desmond med lokale folkedansarar, framsyning av programmet vårt og overrekking av gåver.

Tysdag var det handling og sightseeing i Killarny før det onsdag bar attende til Dublin. Undervegs vitja me ein japansk hage og eit stutteri før me enda opp i Føniks park, ein enorm park med gedigen obelisk og etterpå handletur i gågata. Om kvelden vitja me pubar der det var lokal song og musikk, nokre fekk og prøvd seg på det me hadde lært av settdansing. Her overnatta me i utkanten av byen og drog så heim frå Dublin og Irland med gode minner om ein tur rik på mange opplevingar.

 

 

Kartet til venstre viser ruta mellom Dublin og Tralee, til høgre ser me dei lokale dagsturane

  

Deltakarane på turen

Frå "The Cliffs of Moher"


   

Landskap frå området rundt "The Cliffs of Moher"


 

Bakkar med steingardar og den over 1000 år gamle steinkyrkja i Gallarus


  

Spelemennene våre saman med arrangør og utmerka guid Paddy

Torv og gamalt hus i Kerry Bog Village Museum


  

Ærverdig hotell kor me åt i Glengarriff

Frå den botaniske hagen på øya Illnacullin


RETUR