Tur til USA 23/6-5/7 1999

Turen starta på Sola lufthamn kl. 12.35 til København - og så 8 1/2 t med fly (SAS) til Chicago. Der venta bussen som tok oss vidare til Vingate Inn for første overnatting. Så til Minneapolis og St. Paul der me fekk omvisning i kongresshuset, vidare til Comfort Inn Motel i Plymouth der me overnatta. Så la bussen i veg mot Fargo. Her besøkte me Kringen Klubb Sons of Norway som feira St. Hans. Var og med på Scandinavian Hjemkomst Festival i Fargo Trollwood  Park kor me hadde 2 framsyningar. Me møtte Setesdal Lag of Amerika i Embassy Community a nd Senior Center, framsyning her og. Neste stopp var Coachman Inn Cooperstown m. a. med framsyning på ein aldersheim. Her budde det mange med tilknyting til Noreg og mange trefte fjerne slektningar. Me for så til Medora og Theodore Roosevelt nasjonalpark. I Medora var me med på utandørs Musical Western Show - og busstur i nasjonalparken dagen etter. Me besøkte hesteranch før me kom til Bowman. Der budde me privat og hadde framsyning for mange frammøtte. Så bar det vidare frå Bowman til Aberdeen og Super 8 Motel for overnatting. Her dansa me i Bethlehem Lutheran Church. Vidare til Sisseton der me fekk sjå eit gamalt fort og fekk oppleva indianarshowet Pow Wow med ca 120 ulike indianargrupper der alle viste fram dansar og fantastiske drakter. Så var "ringen" slutta når me var attende på Comfort Inn Motel, Minneapolis, for siste overnatting før me sette nasen heimover. Rett nok fekk me med oss litt av Chicago downtown  med Sears Tower Skydeck der me for til topps og såg badestrendene langs Michigan Lake som var fulle av folk. Temperaturen låg på 100°F (38°C). Var på O`Hare flyplassen i ½ 6 tida den 4. juli som er USA sin nasjonaldag. Då flyet letta var det derfor mykje fyrverkeri å sjå på himmelen. Ein fantastisk tur.

Reiseruta vår frå Chicago til Medora og attende


 

Deltakarane på turen

Oppvisning i Trollwood park, Fargo


  

  Her ser me på øydelegginga av ein tornado som nettopp hadde passert Copperstown 

Utsyn over Badland  mot Medora


  

Me fekk sjå ein flott parade av ca 120 indianastammar i nærleiken av Sisseton

Utsyn frå Sears Tower


RETUR