Tur til Litauen 30/5 - 4/6 - 2000

Vi reiste 22 stk. frå Gardemoen med fly til Klaipeda i Litauen der nokre budde på Klaipeda hotell og andre på ein aldersheim. Me vitja museum,  akvarium m/delfinshow, hadde ein tur på sandbankøya Neringa og vandra i naturpark med treskulpturar. Var og like ved grensa til russiske Kaliningrad. Var på sandstrand ved Østersjøen m/bading. Tur til Rietavas gjekk gjennom landskap som var likt vårt. Besøk på sjukeheimen med god mat og gode historier, og omvisning på heimen. Fin mottaking på Rietavas Agricultural College med avslutning i lesesal m/mat og kaffi. Mottaking på Rådhuset der Bjerkreims ordførar og Rietavas ordførar utveksla gåver. Ein tur på byen vart det og tid til. I Rietavas hadde me framsyning i kulturhuset. Var og i Plunge og besøkte ein skule for psyk. utv. h. Besøkte St. Jonas Kyrkja som var ferdig etter 5 år i 1933. Offisielt besøk hjå ordførar. Besøkter linutsal, handla trearbeid, ravmaleri etc. Hadde og framsyning her. Drog til Kryziu (Korshøgda), ein stor haug full av kors-! ei sterk oppleving. Fjerde juni var det heimreise og me landa på Gardemoen kl 1900. Nok ein fantastisk tur rik på opplevingar.

   

Kart over stader vi vitja

Pause i naturparken på Neringa med mange treskulpturar


      

     

Sandstender langs Østersjøen

Glimt frå Krosshaugen


   

Klar for besøk på sjukeheimen i Rietavas

På skulen for psykisk utviklingshemma i Plunge sjekkar Odmund om utstyret  held norsk nivå

 

Orientering og kaffi på jordbruksskulen i Rietavas

Samlebilete frå samfunnshuset i Rietavas


                  
RETUR