Tur til Tyskland/Sveits 25/7 - 6/8  2001

Denne turen starta med  buss og ferje til Danmark, så overnatting Hildesheim i Tyskland før me enda opp i Oberstauden. Under opphaldet budde nokre på Konstanzer Hof og nokre på Pesion Sabine som låg like ved. Her var me med på fleire festivalar og hadde framsyning, mellom anna i Fischen. Ein kveld gjekk me til ei privat hytte oppe i fjellet der det var mat og dans. Den største rundturen gjekk først til Bregenz i Sveits. Derifrå  tok me båt på Bodensjøen til Konstanz. Så køyrde me til Arbon og vidare til Vaduz i Lichtenstein. Slottsbesøka på Hohenschwangau og Neuschwanstein var imponerande. Me var og i Oberstdorf og hadde vandretur langs juvet ved Breitacklamm, eit enormt juv - smalt, langt og med stupbratte fjellvegger langsetter. Ein dag var det handletur til Kempten. Denne turen var veldig varm, 37 °C på det meste. Då me reiste heim pøste regnet ned, men ein utruleg gild tur enda  i Kristiansand ca. kl. 2400 natt til 6. august.

 

Reiseruta vår frå Noreg og lokalt i Tyskland/Sveits


 

Odd Vegard, Bent og Tor Helge baud på fin musikk under båtturen på Bodensjøen

Lokale folkedansarar i Tahlkirchdorf


     

Hoppbakkane i Oberstdorf om sommaren

Vandring gjennom Breitacklamm-juvet

 
 

Frå slottet Neuschwanstein skimtar me Hohenswangau slottet i bakgrunnen

Frå hytta me vart innbodne til høgt oppe i dalsida med bjellekyr utanfor

                                                                        
 

Fyrstehuset i Vaduz, Lichtenstein

Deltakarane på turen


RETUR