Tur til Kina 5-19/07 - 2002

Denne turen gjekk store deler med tog, starta i Sandnes og samla opp folk på stasjonane sørover til Egersund. Me var 41 stk i lag på ein 14 dagar lang tur. Første overnatting var i Oslo på Rica Traveller Hotel. Deretter vidare gjennom Sverige til Stockholm for å ta båt over til Finland. I Helsinki hadde me sightseeing med buss til bl.a. Tempelkirken og Sibeliusmonumentet. Her hadde me og framsyning midt i byen. Tidleg kveld gjekk me på toget til Russland. I Moskva budde me på Europas største hotell, 6000 senger. Me vart viste rundt i byen - Den rødeplass, husflid marknad, metroen, sirkus, flott arkitektur/bygningar. Me hadde framsyning ved ¨den ukjende soldats grav¨, var innom kjøpesenter, flotte kyrkjer, den Norske ambassaden der Øyvind Nordsletten var å treffa, besøkte bondegard utanfor byen der me vart serverte mat og drikke frå pådekte langbord i ein opning i skogen.

  

Sibelius monumentet i Helsinki

Det vart og tid til å sjå den spesielle Tempelkyrkja i Helsinki


 

Den røde plass

Langbord i skogen utanfor Moskva


Så bar det vidare med tog til Kina med den Transibirske jernbane. Her "budde" me i 6 døgn! Køyrde gjennom store skogar, ein del jordbruksland, passerte mange landsbyar med korte stopp innimellom. Lokomotivet vart bytta ut då me passerte grensa mellom Europa og Asia. Dette landet er enormt med sumpar, stepper, høge fjell og verdas største ferskvatn-innsjø, Baikalsjøen. Nettene på togreisa var kalde, så me fraus litt. Gobiørkenen vart passert, enorme vidder. Sundag 14. juli rulla toget over den kinesiske grensa . Då vart alle hjulsetta skifta p.g.a. ulik sporvidde. I Beijing vart me innkvarterte på SAS-hotellet. Her vart det sightseeing til Den himmelske fredsplass, Den forbudte  by, Den kinesiske mur (kor me dansa i bunad i 40°C), silkemarkedet. Handla fekk me og, sykkeltaxi køyrde me, massasje fekk me frå topp til tå, besøkte fabrikk der dei laga messingfigurar og vasar i alle storleikar, perlefabrikk og silkefabrikk. Heimturen gjekk med fly via København. Me landa på Sola, uendeleg mange gonger rikare på opplevingar enn då me drog !!

 

Standarden på fleire av husa i Sibir eigna seg ikkje for minusgarder 

Her ser me litt av verdas største innsjø, Baikalsjøen


  

Frå Ulaanbaatar, hovudstaden i Mongolia med tradisjonelle runde telt eller "ger"

Muren såg me fleire stadar i Kina som her under kort stopp på ein stasjon


           

Den forbudte by

Oppvisning på Den himmelske fredsplass har såvidt starta


                           

 

Men så kom politiet og jaga oss

Sagevik på muren der alt gjekk greit


                            RETUR