Tur til Ungarn 31/7 - 7/8 - 2003

31. juli kl. 0700 reiste 23 stk. av garde til Ungarn via København der me bytte fly. Ankom Budapest midt på dagen i småregn, men mildt. Turen vidare var varm og god med temperatur godt over 30°. Første august var me med på Csango Jaszbereny Festival der opptog og framsyning var høgdepunktet. I Budapest var det sightseeing, ein nydeleg by delt i to av Donau , Buda og Pest. Me fekk tid til å handle og sjå oss litt omkring - båttur på Balatonsjøen i nydeleg varmt solskin - vinsmaking. Besøk på ungarsk gardsbruk i Heviz, jeeptur i fjella, kurbad med massasje i naturlege kjelder med høgt svovelinnhald. Turen vart avslutta med eit forrykande hesteshow der me og fekk oppleva ungarske folkedansarar.

   

Turdeltakarane framfor eit monument i Budapest

Skøyaren Viktor bak Jenny


 

Tappert forsøk på å ordna trekkspelet som vart skadd på flyet 

Klar for oppmarsj under festival i Jaszbereny


RETUR