Tur til USA 15/9 - 26/9  2005

Nok ein gong reiste Bjerkreimringen til USA. Ikkje så fulltalige denne gongen, 8 par pluss 2 spelemenn. Med på reisa var og medlemmar av Sons of Norway, Leiv Eriksson Lodge, forfattar Hans Gustav Andersen som har skrive bok om "Restaurasjonen" og forfattarinna Toril Brekke som samla stoff til romanen "Drømmen om Amerika". Til saman var me 45 personar.
Formålet med denne turen var å "gå" i Lars Larsen Geilane sine fotefar. Lars Larsen Geilane hadde djupe røter til Taksdal i Time og utvandra til Amerika tidleg på 1800-tallet.
Turen starta grytidleg, kl 0400, 15.9 frå Stavanger Lufthavn, Sola, med mellomlanding i København, før me etter ca. 8t og 20 min landa i New York. Over Atlanteren hadde me forresten norsk flykaptein frå Varhaug. Turen enda i Chicago 25. september.
Første og andre dag gjekk stort sett til sightseeing i New York med Broadway, Time Square, China Town, Frihetsstatuen , Ellis Island , Ground Zero og Brooklyn. Deretter bar det i buss nord og vest.


Reiseruta vår frå New York til Chicago

   
Frihetsstatuen var laga av koper frå dei tidlegare Vigsnesgruvene på KarmøyTil høgre samlebilete på Ellis Island med New York i bakgrunnen

 
Frå kveldstur på BroadwayFrå Central Park

 
Så var det"hamskifte" til bunad ut på dagen og første danseframsyning på amerikansk jord for bebuarar på ein aldersheim i BrooklynDagen etter var det elvecruise på Hudson River ved Newbourgh, same vegen som emigrantane i si tid vart frakta oppover elva

 
Frå grottene Howe Caverns i nærleiken av Cobleskill. Dei låg 50m under bakken og temperaturen var ca 12 °C

  

Her er me innom ein kyrkjegard i Rochester og får sjå mange graver etter emigranter, men av mest interessesant var det å finna grava til Lars Larson Geilane og familien hans

Me såg og kor han budde i Rochester men huset var reve for nokre år sidan og det var reist nytt bygg der no


  
Her får me god orientering av borgarmeisteren i Rochester med Sons of Norway formannen i lusekofte og Jan Barstad som tolk til høgre. Om kvelden var det fest i lag der me hadde 2 framsyninger.I Holley var me med og avduka dette minnesmerket over emigranter som kom på Erie-kanalen

  

I hagen ved Ontariosjøen der Cleng Person budde. Det var no reist nytt hus på den opphavlege grunnmuren

Samlebilete ved eit opplysningsskilt om Kleng Person

   
Turen gjekk vidare til Lockport og Eriekanalen med ein flott kanaltur på ca. 2 t.  Den 22.sept. gjekk turen inn i Canada for å sjå Niagarafalla.
Og det var litt av ei oppleving: vatnfallet "brøla" og råket stod som ein dusj over oss alle

 
Etter Toledo i Ohio, bar det vidare til Chicago, der me m.a. vitja Minnekyrkja. Her vart me trakterte med norsk brød og geitost, krumkaker og smørbrød. Presten Pedersen og kona hans var eit herleg vertskap. Bjerkreimringen hadde framsyning til stor glede for alle frammøtte.

   
Før me sette nasen heimover til gamlelandet fekk me sightseeing i Chicago Down Town, Milleniumparken, fantasiskulpturen "The Cloud", vatnskulpturar med levande bilete og tilslutt bar det opp i ein av verdas høgste bygningar på 96 etg. Med gråvær utanfor var det begrensa kva me fekk sjå.

RETUR