Tur til Aberdeen 25/5 - 28/5 - 2006

38 av medlemmane i Bjerkreim ringen sette seg torsdag 25. mai 06 på flyet til Aberdeen. Ein kjempeflott tur med mange fine utflukter både med og utan guide. Me fekk sjå deler av Aberdeen, den gamle fiskarlandsbyen, slott, borger og eit skotsk whisky destilleri. Nokre tok dagstur til Edinburgh og me hadde busstur til det skotske høglandet. Siste kvelden var me med eit lokalt danselag, Aurora, og feira deira 10 års jubileum. Her fekk me prøva oss på skotske dansar og hadde også ei kort framsyning.
Denne turen føyer seg inn i rekkja av svært vellukka turar.


  

Hagen ved Crates sett frå eit av slottsvindauga

Nokre av karane med Dunnotar Castle i bakgrunnen


  

Frå det skotske høgland

Nokre heldige vinnarar på 10 årsfesten til dansegruppa Aurora


           

Kunstkyr i gatene i Edinburgh

Ved Edinburgh Castle


RETUR