Tur til Norway Ranch, USA 23.5-1.6 2007

Turen starta tidleg om morgonen frå Sola med fly til Amsterdam. Etter 10 timer og 8000 km landa me i Memphis i +30°C. Der vart me møtt av ei hyggeleg jente frå Bryne, ”Britti”, som kjørte til hotell i Elvis Bullevard før ho tok oss med i Elvis-limosine til eit godt restaurantmåltid.
Morgonen etter fekk med god tid til å gå rundt både ute og inne i Graceland. Så dukka Arvid Mæland opp i kjent cowboystil og guida oss på 3-timars kjøretur til Norway Ranch nokre få kilometer frå Mountain View.  Me stoppa undervegs og hadde god lunsj. På ranchen møtte me nok ei hyggeleg brynejente, Veslemøy. Me blei fordelte, nokre i flotte hytter og andre på ranch bustaden før grilling rundt leirbålet. Morgonen etter fekk me sjå meir av ranchen med yrande liv av både tamme og ville dyr. Etter ein god frukost vitja me grottene i Blanchard Springs, eit imponerande syn. Så heim til ranchen der nokre tok seg eit bad i flott utebasseng: Etter middagen bar det inn til Mountain View der me hadde danseframsyning både inne og ute, det var country-festival og yrande liv.
Laurdag 26.5 var det ut på ny tur. Først til ein annan ranch som Arvid hadde med mange flotte hestar - så til Ava i Missouri for lunsj - innom ein Amish-range med butikk for hesteutstyr - så til ein annan Amish famile - mor, far og 8 barn, mor til kona hadde 170 barnebarn; me fekk lov å ta bilete av hestane - deretter til Branson - så var me attende på ranchen i 23-tida.
På sundagen drog nokre til Mountan View på handel mens resten vart  med Arvid til Ponderosa, ein 3. ranch Arvid hadde som var på 5000 mål og låg 60 km frå Norway ranch.
Måndag morgon la me ut i 3 bilar på Texastur. Me var først innom Little Rock, hovudstaden i Arkansas, og såg på "The Duck Walk" - ein stegg med  4 ender som passerte på raud løper i et fint hotell. Så innom Hope, fødebyen til Bill Clinton og Clintonmusem, før overnatting i Paris-Texas. Neste morgon bar det vidare mot Oklahoma city, passerte nikkepumper, hadde lunsj i Purcell med mange antikkbutikkar, og handla godt med klede i ein westernbutikk. I Oklahoma city såg me minnesmerke etter ein stor terroraksjon i 1995 før me for vidare  langs route 66 mot Tulsa der me overnatta.
Morgonen etter bar det tilbake mot ranchen via indianarbutikk i Sallisaw og seinare innom butikken til Inger frå Sogn. Etter bassengbading/avslapping var det på med bunad, oppvisning, mat og fest med lokalbefolkninga til seine kvelden.
Fredag morgon var det tidleg frukost og kl 8 tok me varm farvel og la i veg til Memphis med Tor Helge og Veslemøy som sjåførar. Etter 12 timar var me vel heime på Sola igjen. Ein fantastisk fin og rik tur!!

 


Kartet viser dei fleste stadene me vitja på rundturane


 

  

På veg inn i huset der Elvis budde i Graceland

Innkjøyringa til Norway Ranch


 

Norway Ranch med symjebassenget

Leirbål på Norway Ranch


  

Frå countryfestivalen i Mountain View

Frå ein av dei andre ranchane som Arvid skulle rusta opp og selja


   

Armishfolket brukte framleis hest og god gamaldags slåmaskin

Kveld ved symjebassenget på Norway Ranch


RETUR