Tur til Berlin 15.-18. oktober 2009

I flott haustver var me 33 stk på Norwegian-flyet som etter halvannan time i lufta landa på Schönefeld flyplassen utanfor Berlin. I lett regn vart me tekne i mot av hei hyggeleg svensktalande dame som var guiden vår under opphaldet. Det bar direkte på buss-sightseing der me fekk sjå dei mest kjende bygga og plassane som Brandenburger Tor, Fjernsynstårnet på Alexander Platz, muren og Checkpoint Charlie, Gedächtniskirche, Bundestag osv. Under opphaldet budde me på  Berliner Hof som låg i ei sidegate til Kurfürstendamm. Dagen vart avslutta med fellesmiddag på restaurant, menyen var sjølvsagt tyske griseknokar.

Neste dag hadde me til eigen disposisjon. Nokre drog på tur til fjernsynstårnet, Bundestag osv mens andre prioriterte handling. Igjen var det stor fellesmiddag om kvelden

Tredje dagen bar det med buss via bydelen Charluttenborg til Oranienburg for å sjå konsentrasjonsleiren Sachsenhausen. med si gru. Har vart det vekt mange ettertankar.

Siste dagen hadde vi og busstur til Potsdam, kjent for dei siste etterkrigsforhandlingane mellom USA, Sovjet og Storbritania. Men og kjent for sine mange slott med Sanssouci som det finaste.  Der fekk me god omvising og avslutta med ein herleg lunsj i ein kinesisk paviljong i slottsparken. Potsdam låg i tidlegare Aust Tyskland så mykje hadde forfalle men opp-pussinga var i full gang. Etter ein kort spasertur i bysentrum tok bussen oss attende til flyplassen.

Ein spennande tur var slutt og med satt att med mykje kunnskap om Berlin takka vera framifrå guiding.

 

Frå TV-tårnet med Brandenburger Tor og Riksdagen i bakgrunnen

Tor Helge forhandler og Maggi er nøgd med utfallet

    

Kunstverket rett utanfor hotellet var eit godt kjennemerke

Og like i nærleiken av hotellet stod Gedächtnis-kyrkja


 

Midt på høgre bilde orienterer guiden vår om Sachsenhausen før vi går inn.

 

Her  er me alle samla med slottet Sansouci i bakgrunnen

RETUR