Tur til Finnøy 19. mai - 2009, den såkalla bedehusturen

I litt grått sommarvær la me i veg med Jærbussen frå Bryne, fylte opp under vegs og enda med 23 stk. Vel framme på ferjekaien på Finnøy vart me tekne imot av Tor Øyvind Skeiseid og Arne Nordbø som viste oss rundt. Me var først Lauvnes gartneri der me fekk grundig innføring i tomatdyrking, rikeleg med smaksprøver og vart vel mette på "gongkaker". Så bar det vidare til gullsmeden på Mjølsnes. Mennene tyktest vera mest interessert i korleis smykker og bunadssølv vart laga mens damene var ivrigaste i butikken. Så bar det vidare til Hesby kyrkje med historieundervisning frå 1300-talet og rungende "Å jul med din glede", ein song finnøybuen nok sette stor pris på fordi diktaren Gustava Kielland var prestekone der på 1800-talet. Så smakte det godt med middag, dessert og kaffi på Utsyn  Ungdomssenter før me slutta av dagen med rungende tale og baser på bedehuset Betel etterfulgt av orientering om Rygjabø Vidaregåande skule og handel i fiskebutikken dei dreiv der røykelaks og fiskekakene gjekk unna. Ein alle tiders tur med humørfylt guiding!!


 

Frå Lauvnes Gartneri

Tomatsmaking og gongkake eting

  

Gullsmeden til venste og ein del av dei som var med

Historieundervisning ved Hesby Kyrkje, omvisarane til høgre



Frå bedehuset Betel

RETUR