Tur til Røros 1.- 8. august 2010

I lett regnvêr starta Jærbussen på Bryne og køyrde vidare med påstiging på Skjæveland, ”Ruten” på Sandnes,
Ålgård, Vikeså og Helleland. Til saman vart det 39 stk som hadde lunsj på Cinderella og kom fram til første
overnatting på Sundvollen hotell kl 1830.

Måndag : Me besøkte først Hadeland Glassverk. Så bar det vidare i sol og 22° til Løiten Lys via Roa, Gardermoen,
Lunnertunnelen og E6. Neste stopp var Elverum med "gjeddemåltid" og blåbæris før me fekk ei spanande omvisning
på Norsk Skogmuseum. Neste mål var Trysil hotell. Etter innkvartering fekk me omvising og såg huset der Haldis
Moren Vesaas var fødd, huset og statue av Einar Skjæraasen, statue av Halgeir Brenden, Kongeparken i Nyberg-
sund der kong Haakon og kronprins Olav søkte ly for tyske bombeangrep 11. april 1940, og til slutt Trysilfjellet med
hytteområde og skianlegg.

Tysdag: Med lokal guide i bussen drog me til Bryn Setra med orientering og smaksprøver på heimelaga geitost,
Engerdal kommunehus, bruks
kunstbua Optimisten og så Galten Gård der Gunnveig og Jo, tvillingbror til Gjermund
Eggen, serverte ein framifrå lunsj i "fjøset". Neste stopp var prestegarden i Rendal med statue over Vesleblakken
og prestediktaren Jacob B. Bull: Der baud dei sanneleg på tynnkake som var
tradisjonsmat i området. Så var me
innom Jutulhogget, Nord- Europas største canyon, før det bar beine vegen til Røros og Bergstaden hotell.

Onsdag: Presis kl 9 bar det i veg forbi slagghaugar til Olavsgrua med omvisning og song, først av guide og så
stemde me i med Vesle lerka. Vel ute igjen køyrde me på handletur om Vaudalen til Funesdalen i Sverige. Så bar
det attende til ein heilt fantastisk lusj på Gjetbergvollen seter ved Harsjøen. På heimvegen fekk me og ein tur opp
til Røros Fjellkyrkje. Derifrå tok nokre føtene fatt nedover heia mens andre følgde bussen attende til hotellet. Om
kvelden drog me samla opp i slagghaugane for å sjå teaterstykket "Elden", ei storslegen og mektig oppleving.

Torsdag: Dagen  starta med omvising i Røros av same kunnskapsrike guiden som i gruva. Me var både på Berg-
mannsplassen og i smeltehytta. Kyrkja var steng pga restaurering. Ettermiddagen hadde me på eiga hand.
Kvelden vart avslutta med songleik og turdans.

Fredag: Me forlét Røros med Alvdal som første mål. Undervegs passerte med Himmelfjelelt der Rolf Kirkvåg var
med i flyhavari, Tynset ogrådhuset "brunosten" og Kolbotn der Hulda og Arne Garborg budde ei tid. I Alvdal var me
innom museet med alt om bygdas store son Kjell Aukrust. Etter lunsj på Alvdal kro bar det vidare om Folldal til Hjerkin med fotostopp av Snøhetta, over Dovrefjell  til Dombås og så til Nordlandia
Otta hotell. Etter ein tidleg middag drog me til Gålå ved Gålåvatnet på fjellet opp frå Vinstra. Der såg me utandørs framføringa av Peer Gynt
spelet i raud solnedgang og trolske skyer på nattehimmelen.

Laurdag: Me forlot Gudbrandsdalen via Sjoa til Heidal med stopp på Nisseloftet. Turen gjekk så vidare mot Jotunheimen og Valdresflya til Bygdin turisthytte med eit godt og spanande måltid. Undervegs vidare  passerte me Bitihorn, Beitostølen og iskremstopp i Fagernes. Så vidare til Leira, over Golsfjellet og Gol til Highland Hotell på Geilo med herleg middag.

Sundag:  I flott vær gjekk turen vidare til Haugastøl, over Hardangervidda med stopp ved Sysendammen, litt av ein kraftverksdam. Vøringsfossen fekk me og sjå med stopp ved Fossli hotell. Så bar det gjennom tunnelar nedover Måbødalen til Øvre Eidfjord og god kjøttsuppe på Hardangervidda Natursenter. Siste del av turen gjekk innover Sørfjorden, forbi Odda, Låtefoss, Fjæra, langs Åkrafjorden med matstopp på Markhus, Arsvågen og heim.

Ein lang og gild tur var slutt men minnene lever.

    

Vel framme på Sundvollen hotell med kveldskos

Klar til å dra vidare etter ei god natts søvn


 

Kva skal me kjøpa på Hadeland?

Her får me god orientering på Norsk Skogbruksmuseum


 

Vel framme i Trysil

Kongeparken i Nybergsund


 

På Bryn gård

Klar for ostesmaking, godt mon tru?



 

Lunsj på Galten Gård

Vel forsynte i tunet på Galten Gård


 

Utanfor prestegardsmuseet etter Jacob B. Bull

Her får Vesle Blakken ein klapp


 

Vel framme ved hotellet på Røros

I Olavsgrua


 

Alle som var med

På veg til Elden-spelet


 

Frå Elden spelet


 

Frå Røros



 

På Aukrustmuseet i Alvdal

Peer i sitt ess under spelet i Gålå


 

Solveigs song

Frå slutten av Peer Gynt med trolsk nattehimmel i Gålå


 

Klar for lunsj på Bygdin Fjellkro


 

Sjeldan er Hardangervidda så haustfin!


 

Her hadde me lunsj ved Hardandervidda Natursenter i Øvre Eidfjord

Til slutt moreller i Hardanger


RETUR