Tur til London 29.9 - 2.10 2011

Denne gongen starta me med fly frå Sola til Gatwick kl 1930 på torsdags kvelden og bussen som henta oss på flyplassen fekk oss trygt fram til Thistle Kingston Hotel.

Fredag: Etter ein god frukost bar det i veg med buss i strålande sommarvær. Ein framifrå guide, John Rasmussen,  fortalte om bygg, tradisjonar, levesett, historie og komande OL. Me fekk sjå og høyra utruleg mykje
            frå London (ref. kart). Me slutta av bussturen med lunsj på Jack Horner. Ettermiddagen var fri så nokre handla, nokre såg seg om og nokre sov ut. Om kvelden hadde me middag i lag.
Laurdag: Me tok undergrunnen i lag til London Eye som baud på ein fantastisk utsikt. Så var det båttur på Themsen heilt til Greenwich og observatoriet der nokre fekk stå med ein fot i vest og ein i aust.
             Igjen slutta me av ein gild dag med felles middag på ein restaurant i Covent Garden.
Sundag: Kl. 10 bar det i veg med buss til Windsor Castle der guiden vår igjen var med og først viste oss rundt i Windsor som var ein koseleg småby. Deretter gjekk me inn på slottet der salane låg på rekkje og rad
             fulle av mykje fint og spanande. Til slutt tok bussen oss til flyplassen og kl 2345 var med vel tilbake på Sola etter ein gild helgetur.

  

  
Utanfor hotellet

  

Mange flotte nye bygg i det gamle hamneområdet i øst London

Her ser vi over Themsen mot vest

  

Guiden hadde stadig mykje spennande å fortelja


  

Her skulle me gjerne vore inne på konsert

Me tok undergrunnen til Londone Eye


  

Dette såg spennande ut!

Her gler nokre av damene seg til vitjing på Windsor

RETUR