Tur til Seattle 7. - 21. august 2012

Turen gjekk med fly frå Sola til Seattle med mellomlanding på Keflavik begge veiene. På flyplassen i Seattle vart me møtt av vertskapet som brakte oss i buss til Leif Erikson Hall der me vart mottekne med eit godt måltid.
Onsdag morgon tok me taxi til Everett nord for Seattle og fekk omvisning på Boeing-fabrikken med 50000 ansatte.
Torsdag var me i Leiv Erikson Hall der det vart gjort filmopptak av dansar og songleikar.
Fredag var det avreise til Junction city. Undervegs fekk me sjå fjelltoppen Mt. Rainer og vulkanen Mt. St. Helens som hadde utbrudd i 1988 og øydela mykje av landskapet rundt. Så forlot me staten Washington og kjørde inn i Oregon der me vitja eit vingods. Utpå ettermiddagen var det pause i Sonja lodge til Sons of Norway i Eugine der me fekk god middag, kaffi og kaker. Me takka for maten med ei oppvisning og så bar det vidare til Junction City med ankomst og tildeling av vertsfamiliar godt utpå kvelden.
Laurdag var det den 52. Scandinavian Festival med "Norsk Dag" i Junction City, ein liten by med ca 5000 innbyggjarar. Den eine dansegruppa avløyste den andre. Me hadde oppvisning, Signe Marie bles i lur og Magnhild song.  Sundag bar det nordover igjen til Poulsbu og seint om ettermiddagen til Sons of Norways Lodge i den litle byen som ofte vert kalla "Little Norway". Noko av oppvisningen vår kan de sjå HER.


Måndag fekk me sjå oss omkring i byen med mange norske vimplar og mykje norsk skrift på veggane. Om ettermiddagne var me samla i "lodgen" med ungdommar som ville læra norske folkedansar.
Tysdag bar det attende til Seattle med ferje og nydeleg syn av Seattle frå sjøsida. Onsdag var fridag men torsdag tok me ferje til Victoria i Canada, ein by med 350000 innbyggjarar. Der fekk me sightseeing med buss gjennom gater med eldre, stilige hus og Butchart Garden, ein nydeleg park med fine blomar og velfriserte trær. På heimturen fekk me sjå Seattle frå sjøen i mørket.
Fredag flytta med til Camp Brotherhood, ein flott leirplass. Der var det stemne og dansing både laurdag og sundag.
Måndag pakka me for heimreise. Bussen tok oss frå Leiv Erikson Hall til Sea-tac Airport. Heimturen gjekk fint og etter ein lang og gild tur landa me på Sola kl 13:40 tysdag 21. august.

Brotherhood

Leiv Erikson lodge

Camp Brotherhood

Junction City

Lokale dansare

Poulsbu

Parkbesøk

Seattle sett frå sjøen

ATTENDE