Tur til Trondheim og Stiklestad 27. - 31. juli 2013

Me starta laurdag med fly frå Sola, om Bergen til Værnes. Der vart me henta av buss som kjørte oss til Thon hotell Gildevangen. Me var framme utpå ettermiddagen og fekk tid til litt "rekognosering" før med "fina" oss til middag på ein Egon restaurant i nærleiken.
Sundagen kom med strålande sol og kl 10:30 starta sightseeing med buss. Det vart fortalt at byen vart bygd opp at med dei breide gatene etter ein storbrann i 1681. Me såg Nidarosdommen, Olav Trygvason statuen, St. Olavs hospital, Sverresborg, skihopp på plast i Granåsen, NTNU hovedbygget, Rinnanhuset og enda opp med lunsj i Tyholt-tårnet. Seinare på dagen vandra med rundt på eiga hand og nokre fekk sjå både popmusikk-museet Rockheim og ein fin solnedgang.
Måndag var nokre på olsokmesse i Nidarosdommen, andre tok turen til Munkholmen. Om ettermiddagen bar det til Stiklestad for å sjå Olavsspelet.
Tysdag tok bussen oss gjennom frodig trønderlandskap til Thamshavn og Løkken gruver. På tilbaketuren var me innom Snefugl gård opp av Bruvik. Det var ein gamal lensmanngard som låg i pilgrimsleia til Nidaros og er omtalt i fleire av Sigrid Undset sine bøker om Kristin Lavransdatter. På garden var det eit flott "Prøysenrom" med den største private samlinga av bøker, tidsskrift, plater og anna etter Alf Prøysen.
Onsdag var me innom Ringve Museum og såg på den store samlinga av musikkinstrument før bussen tok oss vidare til Værnes. Flyturen til Sola gjekk fint og me kom heim med mange gilde minner.

Trondheim sett frå Byhaugen med Nidarosdomen i midten

Klare for kveldsmiddag

Skihopping på plastbakke i Granåsen

Historiske Fredriksten festning

Det freda hovedbygget på NTNU

Popmusikk museet Rockheim til venstre

Spetakulær trøndersk solnedgang

På Stiklestad der Olav fall

Frå Olavs-spelet

Thamshavnbanen

Klare til å gå inn i dei gamle kobbergruvene på Løkken

Her ventar me på eigaren av Snefugl gård

Frå Prøysenrommet

Her er me samla

ATTENDE