Tur til Telemark 4. - 7. juni 2015

Tordag 4. starta turen med at bussen plukka opp den eine gruppa etter den andre  frå Skjæveland til Bjerkreim. Undervegs fortalde Paul Tengesdal interessante historier frå tidleg busetnad i Bjerkreim. Ved Øvstebø vart det ein liten kaffepause før me for vidare over Suleskard gjennom 5-6 meter høge brøytekanter. På Rysstad feriesenter metta me oss på herlege elgkarbonader før turen gjekk vidare til Eidsborg og Vest Telemark museum med omvising i stavkyrkja og god informasjon om gamlat kulturliv og folkekunst. Så fortsette me til Morgedal hotell som var fast overnattingsstad for resten av turen.
Fredag 5. borda me Viktoria i Kviteseid for båtur på Bandakkanalen i sol og frisk bris. Me åt lunsj ombord og segla gjennom slusene ved Hogga, Kjelldal og til slutt Lunde der bussen venta og tok oss tilbake via Bø.
Laurdag 6. passerte me skitrekk, hytter og feriehotell på Rauland, Møsstrond og Møsvatn på veg i bussen mot Rjukan og Vemork. Ingen våga seg på tilboded om strikkhopp frå brua over Vemorkjuvet, me berre såg på og kjende suget i magen. På Vemork gamle kraftstasjon, nå Norsk industriarbeider museum, hadde me bestilt både omvising og lunsj men p.g.a. kluss var me ikkje venta før om ein månad. Heldigvis fekk me litt informasjn frå ei av damene i museumsbutikken og så fekk me gå rundt på eiga hand. Etterpå klarte me å få oss rundstykker og kaffe på eit konditori i Rjukan sentrum. Ruta attende til hotellet gjekk om Gaustadtoppen, Tuddal, Sauland og Seljord.
Sundag 6. bar det heimover på E134  om Vinje, Haukeli og Røldal til Åkrafjorsenteret. Der hadde me ein god lunsj før det gjekk videre med noko venting på ferja i Arsvågen. I 17-18 tida var alle vel heime etter ein svært gild tur.

 

    

Snø over Suleskard

Orientering på museet i Telemark

Stavkyrkja på Telemarkmuseet

Utanfor hotellet

Etter turen på Bandakkanalen

I slusa

Her passerte me "Henrik Ibsen"

Vemork gamle kraftstasjon

Strikkhopp i Vemorkjuvet,  hoppet til venstre og svevet til høgre

Kaffekos på koditoriet på Rjukan

ATTENDE