Tur til Østfold 3. - 6. juni 2016

Fredag 3. juni starta turen med fly frå Sola til Gardermoen. Der vart me henta av buss som først køyrde til Skiperstua i Drøbakk der dei varta opp med gode karbonadesmørbrød. Etterpå valgte nokre å sjå innom den kjende Julebutikken mens andre gjekk tur for å kikka over til Oskarsborg.  Så bar det videre til Quality hotell i Sarpsborg som var fast overnattingsstad resten av turen.
Laurdag 4. gjekk turen gjennom jordbruksland og forbi fleire industribedrifter til Fredrikstad og videre mot Hvaler. Frå Skjærhallen fulgte med ferja som var innom fleire av øyane. Me gjekk av i Herføl på Søndre Sandøy der me vart serverte ei svært god fiskesuppe med portulakk-urte. Etterpå tok me ferja attende til Skjærhallen. Undervegs i bussen til Sarpsborg fekk me informasjon om Østforldgranitten som m.a. er brukt til fleire av kunstverka i Vigelandsparken.
Sundag 5. vart me først køyrde til båtmuseet og "Anno" landsbyen Isegran i Fredrikstad. Så bar det med ferje over Glomma til gamlebyen. Heile tida fekk me god informasjon frå ein antikk kledd guide. Etter lunsj bar det med buss til Fredriksten festning i Halden og igjen god guiding.
Måndag 6. var det tid for heimreise som først gjekk til Fetsund tømmerfløytemuseum og deretter til Eidsvollbygningen. Der losa dyktige guider oss gjennom både historia og bygget. Me avslutta besøket på Eidsvoll med ein god lunsj. På vegen til Gardermoen var me og innom Trandum og såg minnesmerket over dei som var avretta her under 2. verdskrigen.
Etter ein fantastisk tur med mange nye inntrykk tok me fly attende til Sola.

 

    

På veg ut frå Skjærhallen på Kirkøy, Hvaler 

Her nyt me sola på ferja i Hvalerskjærgarden

På båtmuseet i Fredrikstad med guiden i bakgrunnen

Her er me samla på båtmuseet

Klar til å kryssa Glomma

Framføre Eidsvollsbygget

Staden der Carl XII fall på Fredriksten festning

Minnestein på Trandum med namn frå Jæren

ATTENDE