Bjerkreim ringen

Bjerkreim ringen er eit folkedanslag med ca 40 medlemar som held til på Vikeså i Bjerkreim kommune i Rogaland (sjå kart). Ringen har øvingskveld kvar torsdag frå kl.1930-2130 med fast instruktør og spelemann. Då vert det øvd på tradisjonelle folkedansar og litt songleik. Me øver og inn ulike framsyningsprogram der fleire dansar er kopla saman i ein kavalkade. Det er tradisjon å delta i 17. mai toget på Vikeså/Bjerkreim kvart år med påfølgjande framsyning. Det er og tradisjon med oppvisning på Vikeså sjukeheim kvart nyttår. Folkedanslaga i Sør-Rogaland samarbeider om å arrangera leik kvar sundagskveld utanom summar- og juletid.  Bjerkreim ringen står såleis for 4 sundagsdansar i året. Bjerkreim ringen arrangerar kvar vår vennefest på Vikeså Samfunnshus. Elles er ringen aktiv på tursida både lokalt og i utlandet (sjå turar).
På førespurnad tek ringen på seg framsyningsoppdrag. I fleire år har ringen m.a. hatt framsyning for tyske turistar om sommaren. Det vert og halde 10-15 min framsyning for ulike bedrifter og kursarrangørar i Stavanger/Sandnes, noko som er spesielt populært når dei har utanlandske gjester.


Samlebilete teke på Dyrskog i 2001