Fane

Bjerkreim ringen fekk laga eiga fane då ringen vart offisielt skipa i 1985. Symbolet, to dansande jenter og ein gut på bjørkeblad, skriv seg frå den lokale dansen "Tretur frå Bjerkreim". Fana er teikna av den danske designar/teiknar Alex Brun Christensen, busett i Sandnes.