Historie

Bjerkreim ringen har sitt opphav frå 1979 då ein starta med spel og leik/dans. I 1985 vart det danna styre og leikarringen fekk eiga fane. Odd Vegard Nedrebø har vore kombinert instruktør og spelemann sidan starten. Bent Andersen var og fast spelemann frå 1985 til han døyde hausten 2010. Medlemstalet har lege på rundt 40 men har minka noko dei siste åra. Ringen er medlem av SAFRO som er Samarbeidsnemnda for folkemusikk og folkedans i Rogaland.