Ymse

Kulturpris til Nedrebø

Bjerkreim kommunes kulturpris gikk i år til Odd Vegard Nedrebø for hans mangeårige engasjement innen idrett og kultur.

Skrevet av: DT - Publisert: 03.12.2006


Nedrebø har i mange år vært en markant skikkelse i bygdas kulturliv. Han har utmerket seg både som trener og utøver. I sin tid var han en av drivkreftene bak etableringen av Bjerkreim samfunnshus og Bjerkreimshallen. Han er også grunnlegger av Bjerkreimsringen, i tillegg til instruktør. Prisen ble delt ut under kulturdagen i samfunnshuset på Vikeså i ettermiddag.


 

Gaute Skretting

Gler seg til ein annan dans Gaute Skretting Alder: 66 (men har alltid gjort som han har villa) Bur: På Bjerkreim Aktuell: Dansar med Bjerkreimringen under danseshowet til Project Bandaloop i Gloppedalen  

Skrevet av: Dalane Tidende - Publisert: 20.08.2008


Sjølv trivst han best med bakkekontakt, gjerne i ei blåbærtue, men Gaute Skretting ser fram til å varma opp for dei høgtflygande dansarane i Gloppedalen dei fire neste dagane. Byr nokon dei opp, i inn- eller utland, er det sjeldan at dansarane i Bjerkreimringen takkar nei. I sommar blei det ingen utanlandstur på dei. Men det gjer kanske ikkje så mykje, sidan det dei skal vera med på i heimlege Gloppedalen dei neste fire dagane, overgår det meste dei har opplevd på turane sine i utlandet. Leikarringen skal nemleg dansa langs opplevingsruta frå Byrkjedalstunet til «scenen» for Project Bandaloop sin spektakulære fjelldans i Gloppedalen i morgon kveld og dei påfølgjande tre kveldane. – Det blir fantastisk. Om taua dei heng i, er aldri så sikre, så fattar eg ikkje at dei torer, seier Gaute Skretting, ein av dansarane i Bjerkreimringen.Når han ikkje dansar gammaldans, har Gaute Skretting det som pensjonistar flest: travelt.– Eg har planar om det eine med det andre, men får slett ikkje tid til alt, beklagar han og forklarer:– Eg er med på så mykje løye.Ein god del av det løgne han er med på, handlar om å fortelja og kåsera, gjerne frå dagar som ligg litt tilbake i tid. Sundag deltok han på open gard-arrangementet på Bakkebø gård. Helleland bondekvinnelag vil ha han med på jubileumsfest, og bondekvinnene i Bjerkreim har han på plakaten som konferansier på matkulturkvelden med Bodil Nordjorde om eit par veker. – Eg skal visst binda i hop den matgreia under kulturfestivalen. Men eg veit i grunnen ikkje kva det er som skal bindast i hop, innrømmer han. No om dagen går mykje av tida med til å bøya seg over blå tuer på til dels hemmelege plassar. Han er av den sorten som nesten alltid finn blåbær. Dei åra andre folk meiner at det ikkje er bær å finna, må Gaute Skretting kanskje nøya seg med tre-fire, i staden for sju bøtter.– Eg må jo finna bær, for etter fem-seks år har det blitt tradisjon at heile leikarringen kjem heim til Ingunn og meg for å eta blåbær med fløyte og sukker. I år åt dei opp to bøtter, seier blåbærentusiasten.Blåbæra reinskar han for hand.– Så blir det skikkeleg gjort, smiler han.– Kva skal du gjera i dag?– I kveld skal me ha ei ekstra øving med Bjerkreimringen i forkant av det som skal skje i Gloppedalen dei neste dagane. Før dét blir det sikkert bare vasing – og kanskje plenklypping.– Er det meir mellom himmel og jord...?– Der er nok veldig mykje som me ikkje kan sjå. Eg er sånn at eg fælar nokre plassar. Då dei i si tid la om vegen forbi Undheim, torde eg mest ikkje kjøra der den første tida; eg meinte at dei hadde uroa nokon som heldt til der. Oppover Årdalen, frå Odland mot Efteland, går eg aldri når det er mørkt. Dette løgne har eg nok etter mor mi. Men er det ikkje litt greitt òg, at me ikkje har bare realiteten, at me ikkje kan finna svar på alt ved å søkja på internett? – Kva nektar du å sjå på fjernsynet?– Eg vil ikkje sjå på operasjonar og stikking med sprøyter. Kjem eg sjølv over nokon som har skamfare seg, for eksempel rive av seg ein fot, har eg ikkje problem med å gjera det eg skal, men eg vil ikkje bli påtvinga sånne ting via fjernsynet. Matprogram ser eg heller ikkje på.– Kor i Dalane ville du helst hatt hytte?– Gjerne ved sjøen på Eigerøy, med ein liten robåt som eg kunne fiska makrell frå av og til. Eg vil helst halda meg innaskjers; vil ikkje ut på opne havet.– Kva er gildast å handla?– Klede, sko og den slags. Det er reine fornøyelsen. Nyleg var eg ei veke i Rostock, på besøk hjå bror mi. Det einaste eg kjøpte, var eit par sko, eit italiensk belte og bukseselar. Eg blir gjerne med for å gi råd til både kona og svigermor når dei skal handla seg klede. Det er spesielt gildt med t-skjorter. Dei finaste t-skjortene finn eg på Liknes i Kvinesdal. Eg går jo kledd som ein slusk av og til, men eg liker å handla.– Når slapper du godt av?– Eg slappar i grunnen alltid av. Men bilkjøring, det er god avkopling. Eg har med meg campingstol, ser du, finn meg fine plassar å stoppa og set meg ned for å sjå, eller snakka med folk. Då eg var på veg heim frå kiropraktoren i dag, stoppa eg vis à vis Kjeøy og sette meg i campingstolen for å eta kake.– Kva slags diskusjonar engasjerer deg?– Det er ein heil del som engasjerer meg: miljøhysteriet, politikarane sine planar med bygda, skulespørsmål, landbruk…– Er du eit ordensmenneske?– Nei, det har eg kona til. Ho piskar meg når det blir for gale i garasjen eller andre plassar. Det flyt ikkje rundt meg altså; så gale er det ikkje. Men eg er fæl til å gløyma kva eg skal gjera. Eg skriv det ned, men hugsar ikkje kor eg har gjort av hugselappen.Tekst og foto: KETH ODLAND